Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Jørgen Gregersen

Nils Jørgen Gregersen (1840-1924) frå Oslo, busett i Vik på 1890-talet. Offiser, forfattar og Venstre- politikar.

Nils Jørgen Gregersen (1840-1924) frå Oslo, busett i Vik på 1890-talet. Offiser, forfattar og Venstre- politikar.

Eksamen frå Krigsskulen 1860. Arbeidde i Kanalvesenet og Vegvesenet i Møre og Romsdal 1864-1883, ordførar i Volda 1872-1879. Stortingsrepresentant 1880-1882. Flytta til Trondheim i 1886, og var bystyremedlem der, og vararepresentant til Stortinget 1886- 1888.

Oberstløytnant og sjef for Telemarken Linjebataljon i Skien i 1891. Sjef for Det Vikske Kompani frå 1893 til det vart nedlagt 1898. Fekk fleire prisar for militære avhandlingar, og skreiv som ivrig friluftsmann i alt seks bøker med ulike emne. Han arbeidde m.a. iherdig for at Jotunheimen skulle bli nasjonalpark.

Tildelt fleire utmerkingar - m.a. riddar av St. Olavs orden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011