Hopp til innhold
X
Innhald

Noralv Pedersen

Noralv Pedersen. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Noralv Pedersen. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Noralv Pedersen fødd 1975 i Vik, busett i Førde. Journalist og forfattar. Cand. polit. ved NTNU. Ansvarleg redaktør for studentavisa i Trondheim 1997/98. Har seinare m.a. arbeidd i avisene Dag og Tid og Klassekampen. Journalist i NRK Sogn og Fjordane sidan 2003. I 2005 arbeidde han i NRK Kulturnytt.

Pedersen har gjeve ut dokumentarboka ”Bølgedager” (Tapir akademisk forlag 2000) og i 2009 «Den gode viljen. Ein dokumentar om norsk fredspolitikk» (Spartacus forlag).

Han var i 2010 medforfattar av "Språkhandbok for NRK".

I 2013 gav han ut boka «Når far treng meg», ei historie om eigne opplevingar då faren fekk hjerneslag og med tankar om den norske eldreomsorga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016