Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Skjerven

Olav Skjerven (1918-2008) frå Vik, busett i Høyanger. Lensmann og motstandsmann under 2. verdskrig.

Olav Skjerven (1918-2008) frå Vik, busett i Høyanger. Lensmann og motstandsmann under 2. verdskrig.

Han hadde teneste som politikonstabel i Høyanger under krigsutbrotet. Vart arrestert 16.08. 1943, overført Bergen, overført Grini 21.11.1943, overført Stutthof 9.12.1943 og sat der til freden.

Lensmann i Samnanger 1961-1968, kontorsjef i Vik kommune 1968-1970 og lensmann i Høyanger 1970-1983.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.11.2009