Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Vikøren

Olav Vikøren (1884-1964) frå Vik, busett m.a. på Gjørvik. Lærar, misjonsmann og forfattar.

Olav Vikøren (1884-1964) frå Vik, busett m.a. på Gjørvik. Lærar, misjonsmann og forfattar.

Arbeidde som lærar i Hafslo 1905-1906, Hardanger 1906-1912, Bergen Bibelskole 1920-1921, styrar ved Nordhordlands Folkehøgskule på Frekhaug 1921-1928, styrar ved Oppland Kristelige Ungdomsskole, Gjørvik 1928-1945. Var leiar i Norsk Kristelig Forfatterlag og gav ut bøkene «For søndagsskolen» 1917, «Ivar Vårdal» 1917, «Barnesynder» 1925 og med nynorsk utgåve 1932, «En ny ungdom» 1934, «Den blå elden» 1938, «Når Jesus kommer igjen» 1949".

Ein av sønene, David Vikøren fødd 1926, var i fleire år leiar i Norges Rederforbund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.06.2011