Hopp til innhold
X
Innhald

Ole P. Fosse

Ole P. Fosse (1871–1945) starta i 1904 landhandel på Leikanger, men flytta i 1909 til Vik og starta landhandel der - sjå O. P. Fosse.

Han dreiv også som fotograf. I 1945 overtok dotter og svigerson Bjørg og Einar Holstad, og dei hadde fire tilsette. Dei trappa gradvis ned, og i 1979 opna Olav Salbu daglegvarebutikk i huset. Seinare vart det blomsterbutikk. Ole P. Fosse var medlem av Vik kommunestyre i mange år, medskipar av Sogn Kjøpmannslag og Vik Frilynde Ungdomslag, og var ein ivrig forkjempar for vegsambandet Vik – Voss.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.02.2021