Hopp til innhold
X
Innhald

Per Hovland

Per Torson Hovland. © Fylkesarkivet.

Per Torson Hovland. © Fylkesarkivet.

Per Torson Hovland (1870-1957) frå Vangsnes. Bonde, frakteskipper og Høgre-, seinare Bondeparti-politikar, m.a. ordførar i Balestrand 1923-1925. Gjekk folkehøgskulen i Sogndal 1890-1891 og tok over farsgarden i 1894.

Jektebyggar

Ved sida av bondeyrket, var han jektebyggjar og jekte/fraktebåtskipper som eigde jekta «Britannia» og skyss- og slepebåten «Fridtjof». Han dreiv også eit lite skipsbyggeri på Vangsnes.

Gav ut «Sognevarden»

Hovland hadde tillitsverv i kristelege lag i Sogn og gav ut bladet «Sognevarden» saman med andre. Han sat 1904-1925 i Balestrand kommunestyre, 18 år av desse som varaordførar og 1923-1925 som ordførar. Han var også medlem av skulestyret.

Ekskludert for nynorsksympati

Stortingsrepresentant for Høgre 1919-1921, då han vart ekskludert frå partiet på grunn av sine sympatiar for nynorsk og fråhaldssak. Melde seg seinare inn i Bondepartiet, og vart stortingsrepresentant for Bondepartiet 1934-1936.

Far til Per P. Hovland (fødd 1900).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011