Hopp til innhold
X
Innhald

Reinveiding i fjellet

På dette biletet ser vi restar av reingjerdet på Handadalseggi diagonalt frå nedre venstre biletkant. Foto frå Pridlao. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

På dette biletet ser vi restar av reingjerdet på Handadalseggi diagonalt frå nedre venstre biletkant. Foto frå Pridlao. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Eitt av dei største anlegga som viser att etter gamal reinjakt i høgfjellet, ligg i fjella over Fresvik. Dei eldste fangstanlegga er frå jernalderen.

Ved Handadalseggi, kring 1400 m.o.h. mellom Fresvikbreen og Nærøyfjorden, ser ein tydlege restar etter ein 110 meter lang og 1,20 meter høg leiemur som går tvers over egga. Her vart reinsdyra jaga langs muren og skremde utfor stupet og ned i Handadalen. Øvste garden ved Dyrdal i Nærøyfjorden heiter Drego, som kan tyde på at ein her drog ihjelstyrta dyr til fjords.

Nordaust for Handadalseggi ligg ein 100 meter lang leiemur som fører mot bogestelle i ei trong kløft. Der vart dyra avliva, eller jaga utfor stupet mot Tundalen.

På Syrynjefjellet sør for Fresvikbreen finst ei mengd bogestelle ved trekkruter for reinen.

Meir om reinsjakt og jaktmetodar i eldre tider: Den eldste historia i Årdal og Veiding og stølsdrift i Lærdalsfjella.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2011