Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruk og trelast på Vikøyri

Nikolai Erdal frå Førde starta sagbruk og trelasthandel på Vikøyri i 1909. Han prøvde seg også på produksjon av sementstein og tønner. Nikolai Erdal dreiv også Volds Mølle nokre år.

Viks Trælasthandel

vart drive av bøkkar Jakob Hornnes frå Førde frå 1922 til 1946, då det brann ned. Hornnes dreiv også Vik Trevarefabrikk frå 1931 til 1941.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.06.2008