Hopp til innhold
X
Innhald

Særmerkte hus i Vik

Lyche-huset på garden Vange, også kalla Eidsvollhuset Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lyche-huset på garden Vange, også kalla Eidsvollhuset Foto: Ottar Starheim, NRK.

«Eidsvollhuset» på Vange

Valet av utsendingar frå Sogn og Fjordane til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 gjekk føre seg i Lyche-huset på garden Vange i Vik den 30. mars. Då møtte 40 valmenn frå heile Nordre Bergenhuus Amt sjå - Eidsvollsmenn frå Nordre Bergenhus Amt.

Vik prestegard på muséum

Den gamle prestegarden frå Vik kan du i dag sjå på De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen.

Vik Fengsel

Det einaste fengselet i Sogn og Fjordane. Bygd i 1865 med plass til 12 innsette.

Lensmannsgarden Bø

Når du køyrer opp bakkane mot Vikafjellet, ser du eit vakkert, gamalt hus med halvvalma tak. Det er det freda hovudhuset på lensmanngarden Bø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.07.2011