Hopp til innhold
X
Innhald

Sauehandel med England

Sauehald har opp gjennom åra vore ein viktig del av landbruket i Vik. Dette biletet er frå ei saueutstilling i 1952. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Sauehald har opp gjennom åra vore ein viktig del av landbruket i Vik. Dette biletet er frå ei saueutstilling i 1952. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Seint på 1800-talet var det stor interesse for eksport av sau som slaktedyr til England.

I 1898 kan ein lese i «Sogningen» at engelske oppkjøprarar lasta inn 600 sau i Gudvangen og like mange i Vik for å verte sende til England. Offiserane Ditlev Fredrik Tillisch og Christen Christensen i Vik får æra av å ha lagt grunnlaget for den norske sauerasen dalasau ved at dei på slutten av 1800-talet importerte avlsdyr av storsau frå England.

Hovudhuset på Tillischgarden. Ditlef Fredrik Tillisch fekk saman med Christen Christensen æra for  å ha avla fram den norske dalasauen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudhuset på Tillischgarden. Ditlef Fredrik Tillisch fekk saman med Christen Christensen æra for å ha avla fram den norske dalasauen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.07.2011