Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Andersson Fedje

Sigurd Andersson Fedje (1852-1933) frå Vik, busett i Gausdal. Lærar og politikar for Venstre, seinare for Arbeiderdemokratene.

Gjekk Lærarskulen i Balestrand 1870. Lærar i Vik og seinare lærar og klokkar i Follebu i Gausdal. Medlem av skulestyret der frå 1885, og ordførar frå 1902.

Fedje engasjerte seg sterkt i fråhaldsarbeid og husmennene sine kår, og fekk skipa ei stipendordning for husmenn i 1884. Redaktør av «Husmanden» 1883-1888.

Fedje var ved sida av Johan Castberg ein leiande person i arbeidet for å skipe partiet Arbeidardemokratane - Det radikale folkeparti. Stortingsrepresentant for partiet frå Søndre Gudbrandsdalen 1906-1909, og hadde tidlegare også vore vararepresentant 1900-1906 for Venstre.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.06.2011