Hopp til innhold
X
Innhald

Sivert V. Ulness

Sivert V. Ulness (Ølnes) vart fødd 19. november 1865 og døydde i Oslo 16. august 1937.Han kom frå Ølnes i Sogndal, busett i Vik. Også omtala med førenamnet Sjur i staden for Sivert. Metodistprest. Han utvandra til Amerika 1884, men vende tilbake til heimlandet i 1891.

I 1893 fekk han bygd den første "frikyrkja" i Sogn og Fjordane i heimbygda Sogndal - forsamlingshuset "Zion". Han slo seg ned i Vik i 1894. Der bygde han i 1895 eiga "kyrkje" som vart kalla "Ebenezer", finansiert av norskamerikanaren Erik Hauglum. Ulness gjekk seinare over til baptistane, og medlemane av trussamfunnet vart "attdøypte" i sjøen på Vikøyri. Sjølv nemnde han tilhengarane sine for ”den fri metodistkyrkja”, med det offisielle namnet ”Vikørens Frie-Evangeliske Menighed”.

Ulness gav frå 1892 til 1900 ut sitt eige kyrkjelydsblad - "Ild-Tungen". Det vart trykt i eit naust på Vikøyri. Bladet bytte seinare namn til "Sandhet og Frihet” og kom ut til 1916. I 1910 talde frikyrkja til Ulness 35 medlemar i Vik. I 1913 flytta han til Oslo, og kyrkjelydshuset "Ebenezer" vart leigd ut til Frelsesarméen.

Ulness heldt fram med å gje ut ”Sandhed og Frihed” ein gong i månaden, .... eller ” so ofte Gud vil”, som det stod i kvart nummer. Bladet gjekk inn i 1950.


Kjelder:

Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 14 (1864-1877), Fødte og døpte 1866, side 29.




Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.01.2016