Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Hopperstad

Fylkesordførar

Sjur Hopperstad (1930-2015) frå Vangsnes. Bonde og Senterparti-politikar. Medlem av Balestrand kommunestyre (sjå: Kommunehistoria i Vik) 1960-1964. Medlem av Vik kommunestyre frå 1964, i formannskapet frå 1972 og ordførar i Vik 1974-1987.

Fylkesordførar

Medlem av fylkestinget 1964-1975 og 1980-1999, fylkesordførar 1992-1995, fylkesvaraordførar 1995-1999.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.09.2015