Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Midtun

Bryllaupsbilete av Anna og Sjur Midtun. Eigar av foto: Vik lokalhistoriske arkiv.

Bryllaupsbilete av Anna og Sjur Midtun. Eigar av foto: Vik lokalhistoriske arkiv.

Sjur Midtun starta landhandel på Vangsnes i 1920. Gunhild Vangsnes tok over i 1940 og dreiv til 1958, då Vik Samyrkelag starta filial i bygda og tok over forretningslokala. Alfred Skeide var styrar, men samyrkelaget la ned drifta i 1962.

Skeide dreiv sidan Vangsnes Ungdomsherberge og forretning på Vangsnes til 1982, då Odd E. Vangsnes tok over daglegvarebutikk og suvenirbutikk. Faren til Odd, Edvard O. Vangsnes, hadde starta suvenirbutikk på Vangsnes i 1957.

168.	I dette huset ved ferjekaia på Vangsnes hadde Vik samyrkelag filial fram til 1962. No er det pensjonat.

168. I dette huset ved ferjekaia på Vangsnes hadde Vik samyrkelag filial fram til 1962. No er det pensjonat.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2011