Skole for konfirmerede Bondegutter

Skulehuset på Gildhus. Teikning: Ivar Refsdal.
I 1866 ytte Viig Sparebank pengar til ein «videregaaende skole for konfirmerede bondegutter». Her slapp dei «konfirmerede bondegutter» å betale skulepengar, og den vart difor kalla «friskulen».
Denne friskulen vart ein slags forløpar til framhaldsskulane. På skulen var både Sigurd Nesse og Anfinn Refsdal lærarar, og det var i Nesse si skuletid at friskulen kom til å stå sentralt i det harde målstriden i bygda (sjå Kommunehistoria i Vik).
Elles i fylket var det også friskule i Hornindal (sjå Skular i Hornindal).
Vik Fortsættelsesskole
vart starta på Gildhus i 1882, og den kommunale drivne friskulen gjekk over i denne.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.06.2011