Hopp til innhold
X
Innhald

Skredskadar på Lee

På Lee-gardane ved Arnafjorden har ras gjort mykje skade fram gjennom tida.

I 1873 og 1877

vart store deler av innmarka på gardane Lee i Arnafjorden øydelagde av jord-og steinskred.

I 1928

raserte eit stor snøskred store mengder skog og tok med seg ei løe på Lee.

I 1932

losna eit ras like ovanfor husa, og ei steinblokk på 11 x 4 x 2 meter velta gjennom tunet og knuste fleire småhus. Ein hest vart drepen, men ingen menneske kom til skade.

Også i 1975

gjorde eit jordskred stor skade på dyrka mark på Lee.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.11.2008