Hopp til innhold
X
Innhald

Skysstasjonar i Vik

På Vangsnes var det skysstasjon. Prospektkort frå 1911, to år før Fridtjov-statuen vart reist og to år etter at skysstasjonen vart avvikla.

På Vangsnes var det skysstasjon. Prospektkort frå 1911, to år før Fridtjov-statuen vart reist og to år etter at skysstasjonen vart avvikla.

Det offentlege skyssvesenet med skyssplikt av embetsmenn vart skipa i 1648. Både i Vik, på Vangsnes og i Feios var det skysstasjonar. Skysskaffarane organiserte rorskarane som hadde til oppgåve ro statlege og kyrkjelege embetsmenn og deira familiemedlemar.

Dette var ei pliktteneste som gjekk føre alt anna arbeid, og den var uløna. Dei som ikkje stilte, fekk harde bøter. Den forhatte ordninga med skyssplikt utan løn vart oppheva i 1816. Arbeidet som skysskar då eit løna arbeid, men utgiftene til skyssing av offentlege tenestemenn vart utlikna på landdistrikta.

Skysstasjonen i Vik vart avvikla i 1909.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011