Hopp til innhold
X
Innhald

Stor flytting til Nord-Noreg

Til liks med andre sognebygder, var det stor utflytting frå Vik til Nord-Noreg i siste halvpart av 1800-talet. Dei første drog nordover i 1841, og i alt flytta 199 personar frå Vik til Nord-Noreg fram til 1865.

Berre på eitt år - i 1845 - flytta 80 menneske frå Vik til Nord-Noreg. Der fekk mange kjøpe udyrka jord for ein billeg penge, og rudde seg gardar som dei ofte dreiv i kombinasjon med fiske. Det var ikkje berre fattigfolket som reiste. Også seks odelsgutar er registrerte som «utvandra» frå Vik til Nord-Noreg.

Les også om utvandringa frå Vik til Amerika.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2011