Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Aase

Svein Aase (1860-1954) frå Fresvik, busett i Vik. Bonde, organisasjonsmann og Venstre-politikar. Tok over farsgarden i 1890 og var samstundes lærar i heimbygda til 1925. Var medskipar av Vik Jordbrukslag i 1891, styremedlem frå 1894 og formann 1908-1932. Var medskipar av Vik Meieri i 1901. Aase gjorde eit stort arbeid for hesterasen sognedølen.

Styremedlem i Vestlandske Mållag frå skipinga i 1904, og medlem i første styret for Sogn Høgskulelag frå skipinga i 1908. Sat i Vik kommunestyre 1891-1928, ordførar 1899-1901 og 1921-1928. Vararepresentant til Stortinget 1910-1912.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011