Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Riisnæs

Sverre Riisnæs. Foto utlånt frå Sunnfjord Museum.

Sverre Riisnæs. Foto utlånt frå Sunnfjord Museum.

Sverre Parelius Riisnæs (1897-1988) frå Vik. Han var son av politimeister Harald Riisnæs, (Sogn politikammer var på den tida plassert i Vik). Sverre Riisnæs var seinare busett i Oslo. Jurist og NS-statsråd under 2. verdskrig. Cand. jur. 1919, politifullmektig 1922, frå 1934 statsadvokat i Buskerud og Oppland.

Han melde seg inn i Vidkun Quisling sitt parti Nasjonal Samling i 1940 og vart hausten same året «kommisarisk statsråd» for Justisdepartementet. Frå 1941 fekk han tittelen minister, og sat i stillinga fram til frigjeringa 1945, då han vart fengsla og stilt for retten for landssvik.

Men i 1948 vart Riisnæs erklært for sinnsjuk, og saka mot han vart lagd bort. I 1989 gav historikaren Johan Ringdal ut Riisnæs-biografien «Gal mann til rett tid». I boka kjem det fram at Riisnæs i ettertid har fortalt at han simulerte sinnssjuk for å unndra seg dødsdom. Saka mot han vart forelda i 1973, og han levde dei siste 15 åra av livet som fri mann.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.09.2012