Tamreindrift på Vikafjellet

Villrein på Vikafjellet. © Sognafoto.
Ein av dei stader der det vart satsa på tamreindrift kring 1840, var på Vikafjellet. Tamreinlaget vart skipa i 1843, og reinen vart henta frå Hardangervidda.
Det lokale tamreinlaget vakta reinen med innleigd gjetar, og ei tid var ein oppe i 700-800 dyr. Men udyr gjorde stor skade, og kring 1874 vart tamreinen driven saman og avliva.
I 1930 vart det på nytt skipa tamreinlag - Vossestrand tamreinslag, der alle som hadde beiterettar i fjella mellom Voss og Vik skulle ha part i flokken. I 1947 bytte laget namn til Voss og Sogn Reinsdyrlag. I 1958 hadde laget 1.150 medlemer. På 1950-talet var flokken komen opp i kring 700 dyr.

Både på Vikafjellet og i Fresvik vart det satsa på tamreindrift. Dette biletet er frå Fresvik ca. 1950, rett før dei sleppte ut 10 kalvar. Foto: Kjerstine Vange. Eigar: Kjerstine Vange/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Konflikt med husdyra
Men på 1950-talet vart det konfliktar. Husdyreigarar på Sogne-sida klaga over at reinen, som gjekk umerka, øydela beita for husdyr. I 1958 enda striden i retten, og reinsdyrlaget vart dømd til å betale ei mindre skadeserstatning.
Tamrein blir villrein
I 1962 vart Reinsdyrlaget oppløyst, og i 1966 vart reinen på Vikafjellet erklært som villrein.
Les også om:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 07.06.2011