Telefon i Vik

Marta Bøthun Simlenes ved telefonsentralen i Fresvik på 1960-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Vik med privat rikstelefon i starten
Det private telefonselskapet Vestlandske Telefonkompani bygde telefonline Voss-Vik i 1892. ”Vestlandske” hadde i 1889 bygd ei line Voss-Gudvangen , og dreiv telefonstasjonane både i Vik og Gudvangen.
Vangsnes
fekk rikstelefon i 1911, vart automatisert i 1975 og knytt til fjernvalnettet i 1979.

Gudmund og Aslaug Offerdal hadde rikstelefonen i Feios. biletet frå 1969 er utlånt av Oddkjell Bosheim.
Feios
fekk rikstelefon i 1911. Telefonen vart automatisert i 1969 og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Arbeid med telefonline i Vik ein gong mellom 1910 og 1920. Øvst i stolpen Johannes Hove. Dei to andre manglar vi namn på. Foto: Johannes Hove. Eigar: Reidar Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Borlaug
fekk rikstelefon i 1912.
Djupevik
mellom Borlaug og Fresvik fekk rikstelefon i 1911.
Fresvik
fekk rikstelefon i 1912. Telefonen vart automatisert i 1979 og knytt til fjernvalnettet i 1978.
Arnafjorden og Framfjorden
fekk telefonsamband i 1917. M.a. vart telefonlina finansiert ved ei pengegåve frå utvandra bygdefolk i Amerika. Telefonen vart automatisert i 1974 og knytt til fjernvalnettet i 1979.
Hustavnes
fekk rikstelefon i 1920.
Sylvarnes
fekk rikstelefon i 1920.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 16.06.2011