Hopp til innhold
X
Innhald

Tolleiv-grava på Fresvikåsen

Ved gamlevegen mellom Skard og Grønlid på Fresvikåsen kan ein sjå eit lite søkk i terrenget. I 1988 vart det sett opp ein stein ved den vesle hola. På denne står det «Tolleiv E. Bøtun. Bureisar på Grønlid 1788.»

Dette er grava som den originale Tolleiv ein gong grov til seg sjølv. Når han kjende seg sjuk og nedfor, la han seg i denne grava og venta på det verste.

Tolleiv hadde eit vanskeleg sinn, truleg var han sinnssjuk, og måtte m.a. på straff fordi han skamslo storbonden på Frevikgodset. Til slutt slo han seg ned som einebuar på Fresvikåsen. Men då han døydde, vart han som andre gravlagd i vigd jord ved kyrkja i Fresvik, og grava som han sjølv hadde sytt for på Fresvikåsen, grodde langsamt att.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.02.2009