Hopp til innhold
X
Innhald

Utvandringa frå Vik til Amerika

Ein utflytt vikje sende dette biletet heim til Vik frå Amerika for å vise dimensjonane ”over there”. Han skreiv: ”Er det ikke store tømmerstokker, synes du?” Ukjend fotograf. Eigar: Nils Lilleøren/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den første registrerte utvandrar frå Sogn og Fjordane til Amerika var Gjert Gregoriussen Hovland frå Askvoll, som var komen til New York i 1831. Men den verkeleg store utvandringa til USA starta i 1839, då Per Ivarson Undi frå Vik reiste til Amerika med heile huslyden.

Sidan har Vik vorte ei av dei store utvandringskommunane, og i noverande Vik kommune er det registrert at over 4.000 personar har reist til Amerika. Av desse er det berre frå Fresvik og Feios åleine registrert 850 utvandrarar.

Dei store oppbrotsåra

Dei fire åra 1843-1846 var store oppbrotsår. Då reiste i alt 315 menneske frå Vik prestegjeld til Amerika.

Bre

Bre

I same fireårs-perioden reiste det 115 vikjer til Nord-Noreg, og 30 drog andre stader: Stor flytting til Nord-Noreg. Denne utflyttinga utgjorde 15 prosent at folkemengda. Utvandrarane utgjorde økonomisk sett eit tversnitt av befolkninga, med største gruppa frå bondestanden. Det var såleis ikkje berre reint armod som dreiv dei ut, slik utvandrarmytane ofte vil ha det til.

Den første vikje som reiste til Nord-Noreg, var Hermund Torsson Ovri (1800-1879) i 1841. Han slo seg ned i Valfjord i Hadsel. Men i 1869 braut familien opp og flytta til Amerika.

Familien til Hermund Vangsnes poserer framfor det nye huset sitt i Silver Lake, Worth i Iowa. Foto: S. Risløv, frå samlinga til Anfin Refsdal.  Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Familien til Hermund Vangsnes poserer framfor det nye huset sitt i Silver Lake, Worth i Iowa. Foto: S. Risløv, frå samlinga til Anfin Refsdal. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Ole H. Olson med ætterøter i Vik var guvernør i Nord-Dakota.

Ole H. Olson med ætterøter i Vik var guvernør i Nord-Dakota.

Store jordvidder

Mange av dei første emigrantane sikra seg enorme jordvidder på dei endelause præriane. Såleis er det fortalt at nokre husmannsfolk frå Berdal i Vik som utvandra i 1856, åtte like mykje jord i Sioux Falls i Sør-Dakota som det finst jordvidder i heile Sogn.

I Vik har det sidan 1989 vorte skipa til fleire utvandrarstemne.

Guvernør i Nord-Dakota av vikjeslekt

Ole H. Olson (1872-1954) var son til Hans Olson Østerbø frå Østerbø og Inga Olsdotter f. Midlang frå Vik. Ekteparet utvandra i 1871 til USA, og året etter vart sonen Ole fødd i ei jordgamme i Midtvesten. Han flytta som vaksen til Nord-Dakota, der han kalla den store farmen sin for ”Osterboe”. Han vart ein føregangsmann i skiping av kooperative lag i landbruket og vart i 1917 vald til den lovgjevande forsamlinga i Nord-Dakota. I 1932 vart han viseguvernør i delstaten, og i 1934 til guvernør. Denne stillinga hadde han berre i ein kort periode – truleg berre i to år.

Walter Mondale stammar frå Vangsnes

Walter Mondale stammar frå Vangsnes

Jimmy Carters visepresident 1977-1981, advokaten Walter Mondale, har gjort mykje vesen av at han har ætterøtene sine i Mundal i Fjærland. Men oldefar til Mondale kom frå Vangsnes: Fredrik Person Vangsnes var gift til Brita Mundal i Fjærland, og tok gardsnamnet der som slektsnamn. Dei emigrerte til Amerika i 1856.

Guvernør ætta frå Vik

Ein annan amerikansk politikar med sterke røter i Vik og Lavik, var Ole H. Olson (1872-1954), som frå 1932 var viseguvernør og seinare guvernør i staten Nord-Dakota. Han kom med i den amerikanske politikken i 1917. Faren heitte Østerbø og kom frå Lavik, og mora frå Midlang i Vik.

På dette baseball-laget, Shell Rock Baseball Team i Northwood, Iowa, ættar fire av spelarane frå Vik. I midten framme Andrew Aase, i midtrekkja er nummer tre frå venstre Oliver Knutson, nummer fire er Elmer Johnsen, i bakrekkja er nummer tre frå venstre Robert Hove. Foto: Vik lokalhistoriske arkiv.

Fredspris-vinnar ætta frå Borlaug

Den amerikanske planteforskaren Norman Ernest Borlaug (fødd 1914), som fekk Nobels fredspris i 1970, har ætterøtene sine frå grenda Borlaug mellom Fresvik og Feios.

Han utvikla nye kveite- og mais-sortar slik at avlingane vart det mangedobbelte. Dette fekk enorm betydning for kampen mot svolt, og vert kalla «den grøne revolusjonen».

Fredsprisvinnaren Norman Ernst Borlaug ættar frå Borlaug mellom Feios og Fresvik.

Fredsprisvinnaren Norman Ernst Borlaug ættar frå Borlaug mellom Feios og Fresvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 01.06.2012