Hopp til innhold
X
Innhald

Vangsnes Fruktlager L/L

Vangsnes Fruktlager. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vangsnes Fruktlager. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vangsnes Fruktlager L/L vart bygd i 1958 av Vangsnes Fruktlag som var skipa i 1953. I gode frukthaustar på 1960-talet kunne fruktlageret ta imot 350.000 kilo eple og pære og 160.000 kilo bær.

Gartnerhallen tok over lageret i 1969. Men då Gartnerhallen ville leggje ned i 1990 og flytte alt til fruktlageret på Leikanger, kjøpte dei 160 fruktdyrkarane som sokna til Vangsnes-anlegget bygningane tilbake og dreiv vidare sjølve. Fruktlageret sysselset i sesongen fem personar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.06.2011