Hopp til innhold
X
Innhald

Vangsnes Ungdomsherberge

Vangsnes Ungdomsherberge heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vangsnes Ungdomsherberge heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vangsnes Ungdomsherberge vart starta i 1953 av Anna og Alfred Skeide. Dei dreiv også kafé og landhandel i bygget.

Då Vik Samyrkelag starta filial på Vangsnes i 1958, vart Alfred styrar der. Han dreiv også ei tid ein kiosk og ein butikk i Peder Kvamme-huset på Vikøyri.

I 1982 overtok O. E. Vangsnes butikkdrifta på Vangsnes.

Då Anna Skeide døydde i 1993, låg verksemda nede i mange år før Oddvin Vangsnes kjøpte bygget i 2002. Han pussa det opp, og i 2012 blir det opna kafé og utleige av åtte rom.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.08.2011