Hopp til innhold
X
Innhald

Vevkunstnarane frå Fresvik og Vik

Kjerstina Vangsnes. Eigar av foto: Asbjørn Vangsnes.

Kjerstina Vangsnes. Eigar av foto: Asbjørn Vangsnes.

Kjerstina Vangsnes f. Hauglum frå Fresvik står fram som ei av dei fremste i norsk vevkunst. Ho var ein uvanleg gåverik kunstnar, som kunne veve store biletteppe på frihand utan hjelp av kartong.

Mest kjend er Kjerstina fordi ho vart bindelekken mellom den eldgamle norske biletvevtradisjonen og den moderne vevkunsten som fekk sin renessanse i den nasjonale vekkingstida på slutten av 1800-talet. Kjerstina hadde lært den gamle smettvevsteknikken av mora Ragnhild Hauglum.

Den seinare statsministerfrua Randi Blehr som då budde i Lærdal, fekk kjennskap til Kjerstina og engasjerte henne som lærar på vevkursa sine. Her gjekk også Frida Hansen frå Stavanger, som vart den sentrale biletvevkunstnaren i tida kring 1900. To andre framståande biletveversker frå Vik er Brita Hønsi og Berte Fosse (1874-1849) - sjå denne under Kjende personar i Vik fødde år 1850-1875.

Mange sognejenter lærde biletveving på kursa til Randi Blehr og Kjerstina Vangsnes i Lærdal, og biletvev vart ein stor salsartikkel til utanlandske turistar som strøymde til Sogn i tida kring førre hundreårsskiftet. Biletteppa vart m.a. selde på hotella i Balestrand og Fjærland, men vart også selde i julehandelen både i Bergen og Oslo.

Les også: Vevkurset som berga norsk vevkunst.

Dette teppet laga av Kjerstina Vangsnes heiter Ragnhilds draum. Foto: Lars Asle Vold.

Dette teppet laga av Kjerstina Vangsnes heiter Ragnhilds draum. Foto: Lars Asle Vold.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.07.2011