Hopp til innhold
X
Innhald

Vik - pionérbygda for frukt i Sogn

Vik, der mange starta tidleg med fruktdyrking. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik, der mange starta tidleg med fruktdyrking. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Heilt tilbake til 1201 har ein sikre spor etter fruktdyrking i Vik. Då vart ein mann drepen i «Aldinhagi» - dvs. i ein frukthage ved elva Hopra.

Men fruktavl av noko omfang kom ikkje i gang før Apollonius Liljedahl kom frå Danmark og slo seg ned som skreddar i Vik i 1755. Der vart han seinare klokkar, og kjøpte seg gard, der han starta planteskule på 1770-talet. Dette er berre 10 år etter at Chr. Hjeltnes starta den første planteskulen i Noreg i Ulvik i Hardanger.

I 1784 fekk Liljedahl premie for fruktdyrking frå Det nyttige Selskab, og då vart det fortalt at han eigde 725 eple- og pæretre og dessutan 36 morell- og aprikostre i hagen sin på Hopperstad.

Kunne poding

Men den viktigaste innsatsen til Apollonius var at han meistra podingsteknikken, og poda opp gode fruktsortar som han selde til andre interesserte i Sogne-bygdene. Han må ha selt mykje over 2000 frukttre kringom i Sogn. Liljedahl skreiv også ei lærebok i fruktdyrking.

Takka vere Liljedahl sitt føredøme, var det mange i Vik som kring 1790 satsa på fruktdyrking. Jakob Thode, som var prest 1785-1817, var ein ivrig fruktdyrkar, og eit eple som vart dyrka på 1800-talet, var kalla opp etter prestekona i Vik.

Oppsving frå 1870

Utover 1800-talet fekk fruktdyrkinga fleire tilbakeslag, men frå 1870 tok den seg sterkt opp, og vart ei viktig næringsgrein i Sogn. Kring 1900 var det registrert heile 113.000 frukttre i Sogn og Fjordane fylke.

Balvolls Planteskule

vart starta i Vik i 1887, først med frukt- og bærbuskar, men frå 1901 også med granplantar.

I moderne tid er det særleg Vangsnes og Fresvik som har vore store frukt- og bærbygder med eigne kjølelager.

Tomaseplet

eller Hatlekoleplet var ein lokal eplesort i Vik. Sorten vart avla på eplekjernar henta frå prestegarden i Luster, mest sannsynleg tidleg på 1800-talet. Det første Tomasepletreet som vart planta i Vika, stod på garden Hatlekol så seint som i 1887.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.07.2011