Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Bygde- og Sjukeheim

Vik Bygde- og Sjukeheim i framgrunnen. Bak ligg Blixhalli og Flatbygdi skule.© Sognafoto.

Vik Bygde- og Sjukeheim i framgrunnen. Bak ligg Blixhalli og Flatbygdi skule.© Sognafoto.

Vik Bygde-og Sjukeheim vart opna i 1920. I dagleg tale vart huset kalla ”Gamleheimen”. Opptaket til å få reist ein gamleheim i bygda vart gjort kring hundreårsskiftet av ei lokal kvinneforening, og mykje pengar vart samla inn gjennom basarar og andre tilstellingar. I 1913 vart det valt ein ”gamleheimskomité”.

Vik gamleheim slik han vart bygd i 1920. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vik gamleheim slik han vart bygd i 1920. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Gamleheimen vart mykje ombygd og utvida i 1958 og påbygd med kjøkkenavdeling og sjukeheimsavdeling i 1965.

I 1975 vart det vedteke å byggje ut heimen til 27 sjukeheimsplassar og 24 aldersheimsplassar. Drifta tok sokneråda og fylket seg av fram til 1979, då kommunen tok over driftsansvaret.

Vik Bygde- og sjukeheim etter ombygging og påbygging i 1958 og 1965. Ukjend fotograf. Eigar:  Vik lokalhistoriske arkiv.

Vik Bygde- og sjukeheim etter ombygging og påbygging i 1958 og 1965. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Heimen vart på nytt utvida i 1989 slik at den fekk 37 sjukeheimsplassar og 10 på aldersavdelinga. I 1995 vart det bygd ny pleieavdeling med 23 plassar.

I dag har Vik Bygde- og Sjukeheim totalt 53 institusjonsplassar og 47 tilsette. Kommunen har sidan 1978 bygd fleire aldersbustader og verna bustader på Gildhus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.07.2011