Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Fengsel

Fengselsbygningen som vart reist i 1865. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fengselsbygningen som vart reist i 1865. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Fengsel er det einaste fengselet i Sogn og Fjordane, og vart bygt i 1865 med plass til 12 innsette.

Vik hjelpefengsel har gjennom tida hatt mange kallenamn - om Vikjahuset, Gråahuset, Storstova, Vikjapensjonatet - og i meir moderne tid også «Sjåførskulen» fordi det har vore fast soningsplass for promilledømde.

Jakob Sande har skrive det humoristiske diktet om «eit steinmura hus i midtre Sogn»:

*Eit steinmura hus i midtre Sogn *har hyst mang ein ussel stakkar. *Dei kom ikkje dit med hest og vogn *og kuskar med fløyels frakkar. *Nei, snarare kom dei som klavenaut *førd av eit stemnevitne, *og nista dei førde var stampegraut *der sjeldan dei sul såg kvitne. *Men skyssen var fri so det reint var skam, *til lands og med fylkesbåten, *og når dei omsider til folk kom fram *stod staten for levemåten. *Men saka er den, som vi alle veit, *at staten er smal i kosten. *Han fø’r sine folk som ei husmannsgeit *og sparer på smøret og osten. *Og slik var det her, dei fekk råsteikt stomp, *ynkeleg målt for dagen. *Han stod som ein brennande bringeklomp *før han kom ned i magen. *So her trongst det vatten i byttevis *- vatten frå himmelhøgda – *og det skal bli sagt til statens pris: *av det fekk dei meir enn nøgda.

*Ja, dette var litt om den tronge veg *som statsmakta opp har staka. *Vi går han nok knapt både du og eg, *og no tar eg til med saka: *Men saka gjeld berre ein plassemann, *han hadde so hard ein herre, *og kallen var berre frå Sunnfjord, han, *- det kunne ’kje vorte verre. *Det beste han visste var spikelår, *men her kom det inn ein hake, *for mannen var stadd i so ringe kår *at det fekk han aldri smake. *Men husbonden hadde, der var ikkje skort, *og seint han mot dagen vakna. *Han sakna vel snaut om eitkvart kom bort, *- men det var det nett han sakna.

*Og dermed, må vite, var vegen klår, *for denne vår husmannstrave. *Han fekk ikkje for seg eit fadervår, *so kom dei med reip og klave. *Det blei ikkje bråk, han gjekk viljug med, *- stappande mett, får vi vone, *og dertil med utsikt til arbeidsfred, *for no var han tenkt å sone.

*Med omsyn til stompen han gjerne sat, *han fann ikkje minste lyte, *for stomp for ein husmann er helgemat, *og magen hans var som ei gryte. *Men vatnet var litt av ein syndedom, *for endå han gjorde sitt beste, *so var ikkje før ei bytte blitt tom *før sluttaren kom med den neste. *Slik gjekk det ein dag, det gjekk to og tre, *og vatnet tok aldri ende. *Men fjorde dagen fall kallen på kne *og denne si bøn oppsende:

*”Slå ryggen min blå med ein kjettingfamn, *og klyp meg med glødde tenger, *men spar meg for vatnet i Herrens namn, *eg står ikkje i det lenger!”

*So vart han då heimsend med lått og glis, *- å sone er hardt, Gu’beire. *Moralen kan tolkast på mange vis, *- eg vil ikkje seie meire.

Nytta til krigsforbrytarar

Etter 2. verdskrig vart m.a. Gestapo-sjefen i Høyanger, Helmut Klötzer, medhjelparen Georg Esswein og andre farlege nazifangar haldne i forvaring i fengselet i Vik.

Fengselet under utbygging i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fengselet under utbygging i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utviding i staden for nedlegging

Frå 1980-talet har det ved fleire høve kome framlegg om å leggje ned det vesle fengselet med 11 tilsette. Men kommunen og lokalsamfunnet har mobilisert og greidd å berge det frå nedlegging. I 2007 kunne justisminister Knut Storberget opne eit stort tilbygg til fengselet der det vart plass til 28 innsette. Fengselet fekk dermed 32 fengselsceller, og med seinare påbygg kom det sju plassar i tillegg. I tillegg vart det investert 10 millionar kroner i nytt skule- og opplæringsbygg.

I 2014 vart fengselsbygningen frå 1865 freda av Riksantikvaren.

Vik fengsel etter utbygginga. Foto: Steinar Lote, NRK.

Vik fengsel etter utbygginga. Foto: Steinar Lote, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015