Hopp til innhold
X
Innhald

Vik prestegard på museum

Den gamle prestegarden frå Vik, bygd kring 1760, truleg av prost Jonas Daae (1717-1777), kan du sjå på Sogn Folkemuseum - De Heibergske Samlinger på Kaupanger.

Det tømra huset er bygd i ein etasje med loft og er kring 24,5 meter langt og 7,7 meter breitt, og har ei grunnflate på 188 kvadratmeter. Huset vart brukt som prestebustad i Vik fram til kring 1930. I 1949 vart prestegardshuset flytta til De Heibergske Samlinger.

I det gamle prestegardstunet i Vik stod det til saman 18 hus. På De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum kjem elles nokre av dei eldste bygningane frå Vik: Geithusbui frå Arnafjord, bygd 1596, Bergheimstova frå Feios bygd 1550-1600, og Stavedalsstova frå Vik frå 1600-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.01.2009