Hopp til innhold
X
Innhald

Vik realskule

Vik realskule – vikjastålet - står det på fana. Elevane ved realskulen i 1952 er framme frå venstre Ingunn Leirvåg, Solveig Vikøren,  Astrid Solli, Åse Leirvåg, Gudny Hove, Kjerstine Breilid. Bak frå venstre Kåre Nilsen Rosvold, Guttorm Tistel, Steinar Bø, Ola Brekke, Einar Børhaug, Erling Rongevær og Eivind Wiken. Ukjend fotograf. Eigar: Johannes Holstad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik realskule vart starta som privatskule i 1947. Kommunen ytte tilskot til drifta, men elles skaffa elevane inntekter m.a. ved i skipe til ulike arrangement i ungdomshuset Vikjahalli.

Realskulen heldt først til i Frelsesarmén sitt hus «Ebenezer», men flytta seinare inn i eit bygg som kjøpmann Mons Thorsen bygde. Siste kullet på realskulen gjekk ut i 1959 då ungdomsskulen kom i gang.

Ein presteutdanna mann frå Hordaland, Olav Martin Leirvåg, var styrar ved realskulen fram til 1954. Han var ein karismatisk talar, og dreiv også med handspålegging. Etter at han flytta til Austlandet, vart han dømd for kvakksalveri. Det same hende då han flytta til Sverige og dreiv dei same øvingane der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 16.06.2011