Hopp til innhold
X
Innhald

Vik slakteri og pølsefabrikk

Vik slakteri og pølsefabrikk.  Ukjend fotograf. Eigar: Kathleen Mykkeltvedt.

Vik slakteri og pølsefabrikk. Ukjend fotograf. Eigar: Kathleen Mykkeltvedt.

Vik slakteri og pølsefabrikk vart starta i 1925 av Knut Styve frå Eikanger. I 1936 kjøpte John Lilleøren fabrikken. Lilleøren reiste sjølv rundt i Sogne-bygdene og kjøpte store mengder slakt om haustane.

Fabrikken produserte m.a. ei spesiell fårepølse, og hadde 10 tilsette. John Lilleøren og sonen Nils dreiv slakteriet til bygget vart rive på 1960-talet for å gje plass til Vik Verk.

I 1975 bygde Vik Slakteri nytt produksjonsanlegg på Vetleøyri, men vart lagt ned i 1985.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011