Hopp til innhold
X
Innhald

Vik tidleg ute med bibliotek

Etter at det var teke opp kyrkjeoffer, kjøpte soknepresten i 1829 inn dei første bøkene til eit folkebibliotek i Vik. Det første folkebiblioteket i fylket kom i Innvik i 1795, då Jacob Tonning i Bergen donerte ei boksamling til heimbygda si.

Viks Læselag

I 1898 vart Viks Læselag skipa. Dette leselaget var samansett berre av «kondisjonerte» og gjekk inn etter få år. I 1914 skipa ungdomlaget eit nytt leselag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.01.2009