Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Totalafholdsforening

Vik Totalafholdsforening vart skipa i Vik i 1885. Laget vart grunnstammen i eit svært sterkt og aktivt fråhaldsmiljø i bygdene på sørsida av Sognefjorden. I dei mest ihuga arbeidsåra vart det drive ein beinhard medlemstukt der til og med angiveri var tillate.

Frå 1885 og fram til 1948 er det registrert 19 fråhaldslag i kommunen. Dei fleste laga vart skipa i tida frå 1899 og fram til 1. verdskrig. Fleire av laga var "barnelosjar".

Fanatiske fråhaldsfolk

På Vangsnes vert det fortalt om fanatiske fråhaldsfolk som nekta folk å skjere nokre få rauvris i skogen deira når dei skulle bryggje øl. Då ein fråhaldsmann var i gjestebod på Vangsnes, fekk han servert konfekt med alkoholsmak. Han tok imot konfektbiten, men braut den av og la den demonstrativt frå seg urørd på tallerkenen! I Vik Totalsafholdsforening vart det ført namnelister over medlemar "som tildels efter løse rykter ikke er å tro". Namna på desse vart førde i protokollen, og "alle disse skulde tales ved". Fråhaldslaga i Ytre Sogn gjekk saman i eit krinslag i 1912. Krinslaget blanda seg sterkt opp i partinominasjonen til Venstre ved stortingsvala, der dei kravde å få sine folk med på listene.

Domstol over "fråfalne"

Fråhaldslosjen "Vikingskjold" vart skipa i Vik i 1911 etter opptak frå Hans Grov. Denne losjen var like nidkjær i jakta på fråfalne som Vik Totalsafholdsforening. Ei eiga domsnemnd straffa dei som vart tekne. I 1911 vart det ført regelrett "rettssak" med vitne og det heile mot ein kar som hadde drukke litt akevitt og heimebrent. Vedkomande ungdom møtte ikkje til "rettssaka", men vart likevel dømd til utestenging frå losjen i fleire veker. Ein annan "syndar" vart i 1916 ekskludert for.......... "gjentagne ganger aa ha vist sig beruset inde paa offentlig butik (Rivedals), saavelsom nede på dampskipsbryggen".

Losjen vart nedlagd i 1957.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2011