Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Turlag

Medlemene i Vik Turlag har eit eldorado av ein fjellheim å boltre seg i. Dette biletet er teke søraustover frå Storehaug på Vikafjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Medlemene i Vik Turlag har eit eldorado av ein fjellheim å boltre seg i. Dette biletet er teke søraustover frå Storehaug på Vikafjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Turlag vart skipa i 2001. Laget eig og driv turisthytta på Målsete på Vikafjellet.

Turisthytta på Målsete vart bygd i 1936 av Vik Utferdslag. Dette var eit lokalt turlag som fekk hjelp med finansieringa frå Bergens Turistforening. Som motyting fekk bergensarane nytte hytta i lange bolkar. Målsete Turisthytte vart bygd med stor dugnadsinnsats frå vikjene. Den vart nytta som losji for den internasjonale arbeidsleiren som bygde veg på Vikafjellet i 1948 og 1949 (sjå Samferdsle).

Hytta har seinare vorte nytta under kraftutbygging, av Hopstock Hotell og av Vik Bygde- og Sjukeheim for ulike tilskipingar. Då Vik Turlag vart skipa i 2001 overtok dette laget som eigar og drivar av Målsete-hytta.

Turisthytta på Målsete. Foto: Johannes Hove. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Turisthytta på Målsete. Foto: Johannes Hove. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.07.2011