Hopp til innhold
X
Innhald

Vikja-fiffen blømde i militærtida

Det var eit langt sprang frå dei armodslege kåra som rådde i strandsitjarmiljøet på Vikøyri og til sosietetslivet som blømde i Vik på 1800-talet. Høgdepunktet var i åra frå 1874 til 1898 - då Sognebataljonen hadde øvingane sine i Vik.

Offiserane hadde ei høg stjerne i fiffen som i denne tida freista å strekkje seg nokre alner over omgangsformene til folk flest i bygda. Saman med hotelleigaren, postmeisteren, presten og distriktslegen rekna offiserane seg i det øvste sosiale sjiktet, og bad kvarandre saman til overdådige festar og sommarball i hotellhagen. Sosietetsfamiliane skipa til «soiréar» kvar sundag som gjekk på turnus mellom dei kondisjonerte.

Men kvinnene klaga over at karane ut på kvelden vart «saa godt som ubrukbare» som dansekavalerar, og at dei dugde best til å spele «l'hombre» og «boston» rundt kortborda! Kvinne på si side delte på eit omgangsbeger toddy.

Somrane samlast vikja-sosieteten til sommarball i hotellhagen, der sterkt vikjaøl gjekk rundt i ei sølvkanne. Omgangsformene i det lokale jetsettet vert omtala som «urbane», og kvinnene skipa så tidleg som i 1914 dame-turngruppe - noko som var svært uvanleg for landsens kvinner på den tida. Her var lokal orkesterforening, og kondisjonerte fekk tilbod om engelskundervisning.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011