Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Vågsøy

Avishuset til Fjordenes Tidende i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Avishuset til Fjordenes Tidende i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordenes Tidende

i Måløy vart grunnlagd i 1910. Avisa var Høgre-organ til den på 1970-talet fekk ei friare stilling politisk.

Nordfjord Folkeblad

skipa i Måløy 1933 med Johan N. Steffensen som redaktør. Venstre-avis.

NRK

hadde frå midten av 1960-talet til 1983 frilans kontaktmedarbeidarar i Måløy. Kontaktmedarbeidarar har vore Per Gunnar Larsen, Leidulf Eide og Turid Breidalen. NRK flytta hausten 2002 lokalkontoret sitt i Nordfjord frå Nordfjordeid til Måløy, med Harald Kolseth og Eva Janne Westvik som medarbeidarar.

Harald Kolseth og Eva Janne Westvik på Måløy-kontoret til NRK Sogn og Fjordane. Foto: Asle Veien, NRK.

Harald Kolseth og Eva Janne Westvik på Måløy-kontoret til NRK Sogn og Fjordane. Foto: Asle Veien, NRK.

Sunnmørsposten

hadde ei tid på 1980-1990-talet avdelingskontor i Måløy. Journalistar har vore Arve Lote, Inge Fænn og Kåre Furnes.

TV-Måløy

Lokal-TV grunnlagt 1990. Kabelselskap, som m.a. har daglege nyhendesendingar og andre lokale program.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018