Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Tidend

Firda Tidend 9. april 1940. Gjentrykk i samband med frigjeringsjubiléet.

Firda Tidend 9. april 1940. Gjentrykk i samband med frigjeringsjubiléet.

Firda Tidend vart skipa 1924 som eit organ for Bondepartiet, seinare Senterpartiet. Eit aksjeselskap dreiv første tida, men fekk økonomiske vanskar og overdrog avisa til Anders Øvreseth, som var redaktør og disponent i over 30 år, heilt til han døydde i 1966.

Frå 1967 tok det lokale senterpartilaget over avisdrifta, med Karl Kolstad som utlånt redaktør frå Senterpartiets Pressekontor. Redaktørar sidan starten har vore:

  • Johan Lid 1924-1929
  • Martin Loftesnes 1929-1930
  • Anders Øvreseth 1930-1966,
  • Karl Kolstad 1967
  • Kjetil Sandåsen 1967-1968
  • Gunnar Nygjerd 1968-1974
  • Ola Rolf Gloppestad 1974-1977
  • Vidar Eikrem 1977-1979
  • Bjørn Grov 1979-1987
  • Anders Ryssdal 1987-1988
  • Bjørn Grov 1988-1996
  • Jan Nic. Hansen 1996-1997
  • Bjørn Grov 1997-
Bjørn Grov har vore redaktør i Firda Tidend i tre periodar og er nest etter Anders Øvreseth den som har lengst tid i redaktørstolen. Foto NRK.

Bjørn Grov har vore redaktør i Firda Tidend i tre periodar og er nest etter Anders Øvreseth den som har lengst tid i redaktørstolen. Foto NRK.

Bondepartiet gav også ut Sogn Avis frå 1927. Avisa kom først ut i Vik, inntil den vart flytta til Sogndal i 1948, men måtte innstille drifta i 1954. Men frå 1959 tok Ingvald Husebø Prenteverk på seg å gje ut avisa frå Leikanger. Dei gav frå før ut ”Sogningen”, og det kom i stand samarbeid om drift av dei to avisene. Avisa fekk deretter det merkelege dobbeltnamnet Sogningen/Sogns Avis i mange år, med den omstridde Hans Arnesen som redaktør. På 1980-talet vart den slegen saman med avisa Sogn og Fjordane, og fekk namnet Sogn Avis.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.02.2011