Hopp til innhold
X
Innhald

Firda

Avishuset på Øyrane. Foto: Bent Are Iversen, Firda Media

Avishuset på Øyrane. Foto: Bent Are Iversen, Firda Media

Firda er den største avisa i fylket, og kjem ut med seks nummer i veka. Den vart grunnlagt i 1917 av Kristian Ulltang. I dag publiserer mediehuset Firda både på internett og gjennom eigen nettbasert radio.

Kristian Ulltang utanfor redaksjonen i Teigen.

Kristian Ulltang utanfor redaksjonen i Teigen.

Olai Nordeide.

Olai Nordeide.

I 1917 fekk Kristian Ulltang med seg kring 20 personar i Førde for å skipe eit bygdeblad for Indre Sunnfjord, slik at ein kunne «fristille seg frå Florø-avisene», som det vart sagt. Aksjekapitalen var 2.000 kroner, fordelt på 100 aksjar! Avisa var partipolitisk nøytral.

Nordeide-familien overtok

Etter at Ulltang trekte seg ut av avisdrifta, leigde han sidan ut utgjevarretten for Firda til Olai Nordeide. Frå 1919 kom avisa ut med to nummer i veka. Avis og trykkeri heldt frå 1921 til 1938 til i Kristian Ulltangs hus «Nøisomhet» i Teigen. Huset står framleis, og no eigd av dottera Borgny Ulltang.

Det første huset til Firda vart kalla ”Nøisomhet”, nokså treffande.

Det første huset til Firda vart kalla ”Nøisomhet”, nokså treffande.

Dette avishuset tok  Firda i bruk i 1938. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette avishuset tok Firda i bruk i 1938. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1938 flytta avis og trykkeri over i Olai Nordeides hus på nordsida av Jølstra. I 1966 vart avishuset i Elvevegen ved Jølstra utvida, det som seinare har vorte aktivitetssenteret «Elvahuset».

I 1942 vart Firda overteken av nazistane, og Olai Nordeide vart erstatta av ein nazivenleg redaktør fram til freden i 1945. A/S Det Nye Firda dreiv avisa i krigsåra.

Nytt avishus på Øyrane

I 1989 flytta avisa over i nytt avishus til 37 mill. kroner på Øyrane. I 1990 kjøpte avishuset Firda Øens Prent og skipa då Firda Trykk. I 1991 kjøpte avishuset 31 prosent av aksjane i video-produksjonsselskapet Vest Vision.

Avishuset til Firda på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Avishuset til Firda på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Avdelingskontor

Firda hadde i 2007 avdelingskontor i Askvoll, Dale, Florø, Høyanger og Sandane. I 2010 er det berre i Florø og på Sandane Firda har avdelingskontor.

Seld til A-pressen

I 1996 selde Nordeide-familien Avishuset Firda til A-pressen. Det einaste som vart halde unna salet, var den gamle avisbygningen «Elvahuset».

I 2007 starta Firda nettradio på internett, men det var berre heilt i starten denne radioen hadde noko redaksjonelt innhald. Radioen vart etter ei tid lagd ned.

I 2011 vedtok styret i A-pressen å flytte annonseproduksjonen og økonomi- og lønskontoret i Firda frå Førde til Lillestrøm. Dette gjer at avishuset misser sju årsverk frå 1. april 2012.

I 1999 starta Firda annonsesamarbeid med Sogn Avis og Firdaposten i Sogn og Fjordane samkøyringa. I 2011 vart dette utvida til også å omfatte fire aviser i Hordaland, og namnet vart endra til Media Vestlandet AS. Dette samarbeidet blir leia frå Mediehuset Firda.

Slik såg framsida til Firda ut fredag 5. oktober 2007.

Slik såg framsida til Firda ut fredag 5. oktober 2007.

Nynorsk avissenter

I 2013 starta Firda Media AS ei opplæring av journalistar – Nynorsk Avissenter med Arve Sandal som prosjektleiar. Senteret skal ta opp fire praktikantar om gongen, det første kullet tek til i august 2013. Nynorsk avissenter skal samarbeide med Nynorsk mediesenter (sjå også NRK Sogn og Fjordane) om delar av undervisinga.

Arve Sandal er prosjektleiar for Nynorsk avissenter. Foto: Idar Stadheim, Firda.

Arve Sandal er prosjektleiar for Nynorsk avissenter. Foto: Idar Stadheim, Firda.

Redaktørar i Firda har vore:

  • Kristian Ulltang 1918-1920
  • Sigurd Aase 1920-1921
  • Helge Gundersen og Samuel Knutson Sandnes korte periodar i 1921
  • Kristian Ulltang 1922-1924
  • A.H. Refsdahl 1924
  • Olai Nordeide 1928-1942
  • NS-mannen Jens Nederhagen 1942-1943
  • Jan Atle Stang. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

    Jan Atle Stang. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

    • NS-mannen Halvor Vindsetmo 1943-februar 1945
    • Johan Djupevik februar 1945 til krigsslutt 1945
    • Olai Nordeide 1945-1964
    • Per Nordeide og Oddvar Nordeide (sønene til Olai) 1964–1983
    • Oddvar Nordeide 1983-1988
    • Kjell Ove Nordeide (son til Oddvar) 1988–1990
    • Rune Timberlid 1990-1995
    • Kjell Aga Ulvestad 1995-1998
    • Jarle Varpe 1998-2003
    • Svend Arne Vee (konstituert) 2003
    • Jan Atle Stang 2003-2011
    • Yngve Årdal 2012- (konstituert 2011-2012)

    Hektisk aktivitet i redaksjonen i Firda. Foto: Bent Are Iversen, Firda Media.

    Hektisk aktivitet i redaksjonen i Firda. Foto: Bent Are Iversen, Firda Media.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2013