Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordenes Tidende

Fjordenes Tidende vart grunnlagt i april 1910 av Venstre-mannen Kristoffer Hagen, og var frå starten ei Frisinna Venstre-avis. Avisa vart seinare Høgre-organ, til det på 1970-talet fekk ei friare stilling politisk. Avisa vart i mange år trykt i Holvik og Fagerlids Aksidenstrykkeri, skipa i 1918.

Fjordenes Tidende vart på 1990-talet overteke av Orkla Media, som i 2006 vart seld til det britiske mediekonsernet Mecom. I 2009 overtok mediekonsernet Polaris Media som eigarar av nordfjordavisene Fjordenes Tidende og Fjordingen.

Fjordenes Tidende held til nord i Gate 1. Foto: Ottar Starheim.

Fjordenes Tidende held til nord i Gate 1. Foto: Ottar Starheim.

Fjordenes Tidende kjem ut tre dagar i veka, og har i jubileumsåret 2010 eit opplag på 5400.

Erling Wåge har vore redaktør sidan 2001. Foto: Odd Drabløs, Fjordenes Tidende.

Erling Wåge har vore redaktør sidan 2001. Foto: Odd Drabløs, Fjordenes Tidende.

Redaktørar i Fjordenes Tidende

  • Kristofer Bernhard Hagen 1910-1913
  • O. Olsen var mellombels redaktør ein kort periode i 1913.
  • Gabriel Bruvoll 1913 til 1929 og 1932-1937
  • Jens M. Steffensen 1929-1932
  • Anders Oppedal 1937-1941
  • Harald Fagerlid 1941-1954,
  • Paul Otto Johnsen 1954-1957,
  • Georg Sørbø 1957-1963,
  • Thor Osland 1963-1965,
  • Per Gunnar Larsen 1965-1990,
  • Kåre Furnes 1990-2000,
  • Gustav-Erik Blaalid 2000-2001
  • Erling Wåge frå 2001.
  • Journalistane Hildegunn Løken Holtan og Odd L. Drabløs studerer dagens avis på skjermen. Foto: Harald Kolseth, NRK.

    Journalistane Hildegunn Løken Holtan og Odd L. Drabløs studerer dagens avis på skjermen. Foto: Harald Kolseth, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2016