Faktaboks

Fjordingen
Offisielt namn
FJORDINGEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Stryn
Dagleg leiar
Bengt Flaten
Styreleiar
Frank Emblem
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Fjordingen er ei lokalavis med kontor i Stryn som kjem ut to gonger i veka i papirutgåve, elles som nettavis. Fjordingen har i hovudsak Stryn og Hornindal som dekningsområde. Avisa er eigd av Polaris Media ASA.

Digitalt

Fjordingen byrja med nettavis i desember 2005. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar vart sett i verk i mai 2015. Gjennom Radio Stryn, som er ein del av mediehuset Fjordingen, vert det jamleg produsert podkastar (Radio Stryn Podcast). Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publisering på nett er 6540 (4. kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening).

Historie

Andre store Lodalsulykke
Tidleg om morgonen den 13. september 1936 rasa ein million kubikkmeter steinmasse frå Ramnefj ell og ned i Lovatnet. Bølgja reiste seg over 70 meter høg og fløymde over grendene Nesdalen og Bødalen. Ingemund Fænn (1907–1987) ifrå Fjordingen dekka ulykka også for Bergens Tidende, saman med Kåre Fasting. Same kveld sendte Bergens Tidende ut eit ekstranummer med fullstendig namneliste over dei 73 omkomne. I Akersgata i Oslo kom det opp store plakatar med raud skrift . Dette var den andre store Lodalsulykka. 61 menneske omkom då det raste frå Ramnefjell i januar 1905. Etter begge ulykkene blei hus gjenreist, og den dag i dag er det gardar i drift i skuggen av «Ramnen». Ingemund Fænn flytta hausten 1936 til Bergen, der han blei tilsett som journalist og seinare redaktør (1956–1977) i Bergens Tidende.
Andre store Lodalsulykke
NTB/Scanpix.

Bergensarane Nils Hertzberg og Finn Larsen la hausten 1928 planar for at indre Nordfjord skulle få sitt fyrste trykkeri og avis. Innfjordingen blei fyrst trykt hos Torleiv Bergmanns trykkeri i Bergen, men på nyåret 1929 var Bergmann på plass med trykkeri i Stryn.

Redaktør Hertzberg hadde sympati for Fedrelandslaget og slo fast at Innfjordingen ikkje skulle vere bunde av «smaalige partiinteresser». Avisa skulle også tale indre Nordfjord si sak, men utan at dette samla nokon stor tingarflokk. Eitt år etter var Innfjordingen konkurs, men Bergmann heldt fram og fekk med seg Ingemund Fænn på oppstarten av Fjordingen 4. november 1929. Året etter var det tale om å selje avisa til A-pressa, utan at det blei noko av.

I 1941 blei den NS-tru Bernhard Dippner satt inn som redaktør i Fjordingen, men tidleg i 1942 forsvann både avisa og trykkeriutstyret medan Dippner heldt fram si redaktørgjerning i Hamar Arbeiderblad.

Trykkeriutstyr var mangelvare i dei fyrste fredsåra, men redaktør Erling Bø og Ludvig Berg fekk overtala boktrykkar Thorleif Nilsen frå Oslo til å starte trykkeri i Stryn. 18. desember 1945 kom eit prøvenummer av Fjordingen i 400 eksemplar.

Utan eit politisk parti i ryggen såg det mørkt ut for vidare drift. 17. desember 1948 vurderte generalforsamlinga tilbod frå både Høgre og Arbeidarpartiet. Mange ville helst at avisa skulle vere partilaus, men etter mykje alur og eit «langt, kvasst ordskifte» fekk Høgre tilslaget med 39 mot 8 røyster. Ein kravde at Høgre måtte gje ut bladet på nynorsk to gonger for veka i minst ti år. Etter magre år gjekk det etter kvart framover. I 1966 kunne Fjordingen lage bilete sjølv etter at ho kjøpte Lillehammer Tilskuer si gamle klisjémaskin. I 1972 auka frekvensen frå to til tre utgåver i veka, og to år etter gjekk avisa over til offsettrykk og tabloidformat. Sidan 1986 har redaksjonen skrive stoff rett inn på data.

Fjordingen blei kjøpt heim til Stryn på 1970- og 80-talet og var lokalt eigd då ho blei kjøpt av den Orkla Media-eigde avisa Sunnmørsposten i 2003. Orkla Media blei kjøpt av britiske Mecom i 2006.

Redaksjon og trykkeri har i store delar av etterkrigstida ikkje vore under same tak, og har helde til i eit dusin lokale. I 2010 er redaksjonen i Stryn, medan trykkinga i 2006 blei flytta frå Stryn til Edda Trykk i Ålesund.

Opplag

Opplagstall for Fjordingen, 1986-2022

1986 4308
1988 4451
1990 4593
1991 4653
1992 4655
1993 4710
1994 4695
1995 4698
1996 4709
1997 4688
1998 4671
1999 4685
2000 4701
2001 4730
2002 4627
2003 4737
2004 4589
2005 4401
2006 4330
2007 4310
2008 4285
2009 4299
2010 4269
2011 4228
2012 4120
2013 3979
2014 3863
2015 3797
2016 3721
2017 3734
2018 3812
2019 3864
2020 3847
2021 3878
2022 3902
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1951 1875
1960 2360
1970 3215
1983 4188
1996 4709
2008 4285
2015 3609
2018 3812
2021 3878
2022 3902
2023 3992

Fakta

  • Innfjordingen: 14. september 1928–25. september 1929.
  • Fjordingen: fyrste nr. 4. november 1929.
  • Førebels siste nr. 31. januar 1942.
  • Prøvenr. 18. desember 1945.
  • Fyrste ordinære nr. etter andre verdenskrig 4. januar 1946.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Fjordingen
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg