Hopp til innhold
X
Innhald

Fritt Folk

”Fritt folk” frå 5. mai 1926, med referat frå 1. mai-feiringa, mellom anna i Høyanger, Vadheim, Lærdal, Stongfjorden og Florø. Frå Høyanger blir det rapportert om at 700 var med i toget, og at det var ”større enn ifjord”. Vidare fortel avisa at ”Om kvelden var der stor fest på Folkets Hus og her var overfyldt hus. Hornmusiken åpnet med Internasjonalen, derefter var det opvisning av dansarringen, og saa holdt redaktør Torgeirson et kort foredrag.” Vidare skriv avisa: ”En ting la en merke til her, og det var, at ingen av kontorpersonalet er komt så langt, at de føler sig solidarisk med arbeiderne. Ingen av dem såes i toget.”

Fritt Folk vart skipa i Høyanger i 1924, og hadde dei første åra tilhald i kjellaren i Folkets Hus.

I 1923 braut kommunistane ut av Det Norske Arbeiderparti og skipa sitt eige parti. Partikløyvinga skapte store spenningar også i Høyanger. I Fritt Folk kom det stadige åtak på det lokale Arbeiderpartiet. Striden toppa seg i 1928, då avisa vart jaga ut av lokala i Folkets Hus.

Verksleiinga med dir. Hans Fredrik Hygen i spissen hadde lånt pengar til byggjinga av Folkets Hus, som no var i pengenaud. Dei mislikte sterkt at kommunistavisa fekk gratis lokale i Folkets Hus, og ville ikkje love sanering av lånegjelda før Fritt Folk var jaga på dør. Verket fekk det som dei ville, men Fritt Folk skulda både NACO og Arbeiderpartiet for «politisk korrupsjon». Like etter «utkastinga» gjekk avisa inn.

”Fritt Folk” heldt til i kjellaren i Folkets Hus til avisa vart jaga ut i 1928. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

”Fritt Folk” heldt til i kjellaren i Folkets Hus til avisa vart jaga ut i 1928. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.08.2010