Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Folkeblad

Nordfjord Folkeblad vart skipa i Måløy 1933 med Johan N. Steffensen som redaktør.

Opptaket til skiping av denne Venstre-avisa i Måløy, som motvekt mot Høgre-avisa Fjordenes Tidende, gjorde industrimannen og Venstre-mannen Johan Gotteberg. Bladet kom ut tre gonger i veka.

Sjølv om Steffensen gjekk i fullt arbeid utanom avisa, makta han som einaste redaksjonelle medarbeidar å skrive og gje ut avisa tre gonger i veka; tysdag, torsdag og laurdag.

Nordfjord Folkeblad vart teken opp att etter 2. verdskrig med Thorleif Iversen som redaktør, men den gjekk inn tidleg på 1950-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2008