Hopp til innhold
X
Innhald

Planar om NRK-nærradio

Norsk Rikskringkasting sette tidleg på 1970-talet ned eit utval leia av Sverre Smeland, som skulle greie ut utbygging av nærradio i NRK-regi kringom i landet.

Utvalet festa seg m.a. ved vekstsenteret Førde som høveleg stad for prøvesendingar. Dette hadde også samanheng med det store statlege engasjementet kring utviklinga og byggjing av Førdehuset som eit samlande kultursenter for heile fylket.

Nærradioplanane til NRK vart det ikkje noko av, men i staden kom det igang NRK nærradio i Mo i Rana for ein kortare periode.

Les meir om historia til NRK Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2008