Hopp til innhold
X
Innhald

Radio Stryn

Nærradioen dekkjer også Hornindal kommune med eigne omformarar.

Radio Stryn er ein nærradio for Stryn kommune som vart grunnlagd i 1987 av Birger Meland. Meland var redaktør dei første fem åra før han vart journalist i NRK Sogn og Fjordane.

Nærradioen dekkjer også Hornindal kommune med eigne omformarar.

Sidan 2005 har avisa Fjordingen eigd alle aksjane i Radio Stryn. I 2007 tidobla nærradioen sendetida frå tre til 30 timar i veka.

Opplysningsskilt for Radio Stryn i Oppstryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Opplysningsskilt for Radio Stryn i Oppstryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.03.2011