Per Dingsøyr, bladstyrar i Sogn Folkeblad.

Per Dingsøyr var ein sentral redaktør i Sogn Folkeblad, som seinare skifta namn til Sogn Dagblad.

Per Dingsøyr, bladstyrar i Sogn Folkeblad.
Norsk presses historie.

Sogn Folkeblad var ei arbeidarpartiavis for Sogn som tok til å komme ut i 1938. Frå 1945 kom ho ut i arbeidarbastionen Høyanger, og etter tjue år her vart ho omgjort til dagsavis, den første nynorske dagsavisa etter 1945 og den første dagsavisa i Sogn og Fjordane. I 1965 vart namnet endra til Sogn Dagblad.

Etablering

Sogn Folkeblad kom i byrjinga ut på Leikanger, med to utgåver i veka frå 9. desember 1938. Ho vart stoppa under krigen, men frå 17. august 1945 kom ho i gang att i industristaden og arbeidarbastionen Høyanger. Avisa fekk i 1955 avdelingskontor i Årdal. Ho auka frå to til tre avisdagar per veke i 1948, og frå tre til fire i 1962. Med overgang til dagsavis tre år seinare skifta ho namn til Sogn Dagblad i 1965.

Drift

Sogn Folkeblad hadde i 1952 eit opplag på 2700. Utover i etterkrigstida auka opplaget jamt og trutt, til det nådde 4709 i 1965, det året avisa bytta namn. Redaktør i Leikanger-perioden (1938–40) var Oskar Andersen. Då avisa starta opp att i 1945, var det med Per Dingsøyr som redaktør, og han vart verande til 1978. Avisa hadde alltid nynorsk som målform. På Leikanger vart ho trykt hjå Ingvald Husabø Prenteverk, i Høyanger hjå Høyanger Bokhandels trykkeri.

Før andre verdskrigen stod Sogn og Fjordane Arbeidarparti som utgjevar av Sogn Folkeblad. Etter krigen vart avisa organisert som eit partslag.

Utbreiing

1930-talet var ei grotid for lokallaga til Arbeidarpartiet, og Sogn Folkeblad voks raskt. Sju veker etter starten hadde avisa 1100 tingarar. Ein av grunnane til at aviskontoret vart flytta til Høyanger i 1945, var at partiet meinte at avisa kunne nå eit større område herifrå. Sogn Folkeblad fekk ei sterk stilling i Ytre Sogn, men vann ikkje lesargrupper i Sunnfjord og Nordfjord. Derimot ekspanderte ho til den andre store industristaden i Sogn, Årdal, og vart verande den dominerande lokalavisa her.

Redaksjonell profil

Sogn Folkeblad var organ for Arbeidarpartiet, og avisa si stordomstid fall saman med partiet sine beste år etter krigen. Samtidig var det ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i Sogn. Per Dingsøyr sette eit sterkt preg på avisa i si lange redaktørtid, og i Høyanger, der ein hadde kallenamn på alt og alle, gjekk avisa under tilnamnet «Dingsen».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg