Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane (avis)

«Sogn og Fjordane» vart namnet på avisa Sogn frå 1936, med
Ivar Tveit framleis som redaktør.

«Sogn og Fjordane» vart namnet på avisa Sogn frå 1936, med Ivar Tveit framleis som redaktør.

I 1944 måtte redaktør Tveit røme til Sverige. Han tok opp att avisarbeidet i 1945, og var redaktør til 1947, då Einar Svartefoss tok over både som redaktør og utgjevar, etter at Tveit hadde gjeve mykje av avisa til Svartefoss som gåve.

Like etter 2. verdskrig kjøpte avisa «Sogn og Fjordane» forlagsretten til avisa Sogns Tidend som Jens Kvåle dreiv i Sogndal og slo den saman med si eiga avis.

Sympatiserte med Venstre

«Sogn og Fjordane» sympatiserte med Venstre, og var på 1950-talet den største nynorske bygdeavisa på Vestlandet med eit opplag på 7500.

Dottera overtok

Dottera overtok

Einar Svartefoss sat som redaktør til 1987, då han overlet redaktør-stolen til dottera Sigrid Svartefoss. Ho var redaktør for avisa heilt til den i 1993 vart slegen saman med Sogningen/Sogns Avis (SSA) til Sogn Avis.

Kåre H. Haugen var journalist i avisa i 40 år frå 1945.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.02.2015