Hopp til innhold
X
Innhald

Sogns Avis

Hermund Haukenes.

Hermund Haukenes.

Sogns Avis L/L vart starta i Vik på 1920-talet som eit organ for Norges Bondelag, og hadde 400 aksjeeigarar over heile Sogn.

Den første redaktøren fram til 1932 var Ivar Tveit (sjå også avisa «Sogn», seinare «Sogn og Fjordane» under «Aviser og media i Leikanger»), som var utdanna lærar og hadde vore redaktør i avisa «Velgeren» på Gjøvik.

Hermund Haukenes var redaktør 1932-1940 og etter krigen frå 1945 til avisa vart flytta til Sogndal i 1948. I 1957 vart den kjøpt av trykkerieigar Ingvald Husabø på Leikanger og slegen saman med «Sogningen » til «Sogningen/Sogns Avis» - best kjent under vignetten «S/SA». Denne vart i 1992 vart slegen saman med «Sogn og Fjordane» til Sogn Avis med utgjevarstad Leikanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011