Hopp til innhold
X
Innhald

Sogns Social-demokrat

Første utgåva av Sogns Social-demokrat, ei valavis som kom ut i oktober 1918. Avisa kom i ordinær drift året etter.

Første utgåva av Sogns Social-demokrat, ei valavis som kom ut i oktober 1918. Avisa kom i ordinær drift året etter.

Sogns Social-demokrat vart starta på Lærdalsøyri i 1918, og var den første sosialistiske avisa i Sogn og Fjordane.

Erik Nordberg var første redaktøren i sosialistavisa.

Erik Nordberg var første redaktøren i sosialistavisa.

Bak avisa stod Indre Sogns Arbeiderparti (skipa 1918) og Ytre Sogns Arbeiderparti. I 1918 hadde dei to lokallaga gjeve ut ei valavis med same namn. Mellomskulestyrar Erik Nordberg vart vald til første redaktør, med telegrafstyrar Johan A. Skjelfjord som forretningsførar.

Berre to år i Lærdal

Frå 1920 kom avisa ut to gonger i veka, og same året vart Kr. Bøthun redaktør og A. Offerdal forretningsførar. I september 1920 tok typograf Kristian Modahl over som redaktør. Avisa kom ut på Lærdalsøyri fram til 1921, då fylkespartiet vedtok at avisa skulle flytte til Vadheim og endre namn til «Sogn og Fjordane Socialdemokrat».

Over til kommunistane som «Fritt Folk»

I 1923 bytte avisa namn til «Fritt Folk». Denne namneendringa kom etter splittinga av arbeidarrørsla i ein sosialdemokratisk og ein kommunistisk del. Etter brotet vedtok fleirtalet i fylkeslaget i Arbeidarpartiet å gå inn i Norges Kommunistiske parti. Sidan fylkesstyret også var bladstyre, vart «Fritt Folk» frå same tid eit talerøyr for NKP.

Flytting til Høyanger

Kommunistavisa «Fritt Folk», som vart flytta til Høyanger i 1924, vert såleis rekna som framhaldet av avisa som starta på Lærdalsøyri. Kristian Modahl heldt fram som redaktør etter at den vart eit reint kommunistorgan. Fritt Folk hadde dei første åra tilhald i kjellaren i Folkets Hus i Høyanger. Men partikløyvinga i 1923 skapte store spenningar også i den nye industristaden Høyanger.

Jaga ut av Folkets Hus

I Fritt Folk kom det stadige åtak på det lokale Arbeidarpartiet. Striden toppa seg i 1928, då avisa vart jaga ut av lokala i Folkets Hus. Verksleiinga med dir. Hans Fredrik Hygen i spissen hadde lånt pengar til bygginga av Folkets Hus, som då var kome i pengenaud. Verksleiinga mislikte sterkt at kommunistavisa fekk gratis lokale i Folkets Hus, og ville ikkje love sanering av lånegjelda før Fritt Folk var jaga på dør. Verket fekk det som dei ville, men Fritt Folk skulda både NACO og Arbeidarpartiet for «politisk korrupsjon». Like etter «utkastinga» gjekk avisa inn.

(Arbeidarpartiavisa Sogn Folkeblad – seinare Sogn Dagblad – vart starta i Høyanger først i 1938).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.02.2012